tirsdag 1. mars 2011

Mitt vitnesbyrd.


Eg vaks opp på ein fjellgard i lag med mor, far, dreng og 4 søstre.Me gjekk aldri i kyrje eller bedehus i oppveksten, for me var innesteng av snø om vinteren, og ellers av året hadde me ikkje bil.Ingen andre framkomstmiddel enn hest.Mine foreldre var ikkje kristne, men hadde stor respekt for Jesus.Mi søster var med i eit popband, og då eg var 13 år var eg med og bar instrument då dei spelte til dans på hotell og uteplasser. Eg begynte tidleg å festa. Mi mor var i Sarons Dal då eg var 14 år, og då ho kom heim, så forstod me søsken at noko hadde skjedd med henne. Ho var så forandra, og leste Bibelen så mykje.

Etterkvart kjende eg at Gud kalla på meg, men eg tenkte at eg ville ikkje bli kristen nå...ville "leva livet fyrst!"
Året etter fortalde mor at ein gjengledar frå Amerika, som hadde møtt Jesus, skulle tale i Sarons Dal, og ville at mi søster og eg skulle reise dit.

Det rare var at eg VISSTE at eg kom til å bli ein kristen der borte. Fantastisk å høyre Nicky Cruze tale, og Guds Ånd var sterkt til stede.
Me rakte opp hendene våre og gjekk fram til forbønn.
Har sidan fått vere ein kristen og vitna om han. Eg hadde eit sterkt behov for å vitne til andre om det me hadde opplevd, og tok med oss kvar vår gitar på torget i Stavanger ein iskald lørdagskveld i oktober. Der song me for dei som gjekk og sjangla av for mykje alkohol, og me opplevde at det samla seg ein stor ring av ungdommer som sa: "Syng meir om Jesus!"

Politiet kom og spurde om me hadde tillatelse til dette, og me sa at me bare song litt...Me vart nekta, for me MÅTTE spør fyrst. Dagen etter var me der igjen og song(hadde nå fått tillatelse:) Det har vore spennande å få vandre med Jesus, og vil anbefale dei som ikkje har møtt Vår Herre til å finne fram ein Bibel, og begynne å lese i Johannesevangeliet, om Ordet (Jesus) som var hjå Gud, og Ordet var Gud. Joh.1,1-5 Romerne 3,28 Mennesket vert rettferdiggjort ved trua, utan lovgjerningar.

Er takknemlig for at eg fortsatt er grepet av Det Glade Budskap (Evangeliet) og vil fortsatt synge og vitne om det som Jesus Kristus har gjort for menneskeheten på Golgata. Salme 36,10...For hos deg (Jesus) er livets kilde,i ditt lys ser vi lys.

Synnøve Grøtteland Helland


1 kommentar:

  1. Takk for et velsigna inlegg Hilde!!!!!!!
    Ønsker deg og dine Guds rike velsignelse,
    å hilser med:
    Hele Romerne 8.
    Hilsen Jan Samuel.

    SvarSlett